Nordfjord Motorhistorisk Klubb

Velkomen til Nordfjord Motorhistorisk Klubb (NMK) sine heimesider! Her finn du informasjon både for medlemmer og andre interesserte.
Føremålet med klubben er å skape eit miljø for bevaring av motorkjøretøy som er eller kan bli av teknisk/historisk interesse, og bevare desse i best mogleg original stand.

Årsmøte i NMK

27. februar vart det avhelde årsmøte i Nordfjord Motorhistorisk Klubb på Kringla Eid Frivilligsentral. 18 medlemmar møtte fram. Møtet vart leia av Per Bergheim. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes vedtekne. Årskontingenten for 2024 vert uendra, kr 500. Det var ikkje meldt inn andre saker til årsmøtet. Under punktet «val» vart Sæmund Ytrehus attvalgt som leiar for eitt år, Nils Ola Liavaag Strand vart attvald som sekretær for to nye år og Rune Løset vart vald som nestleiar for eitt år. Svein Mikal Vidnes vart vald inn i styret for klubbhuset «Saga». Valnemnda Ottar Øien og Idar Sølvberg vart også attvalde. Alle val var samrøystes med akklamasjon. Neste medlemsmøte vert på Saga.

Nytt møterom på Saga!

I vinter vert det arbeidd med det nye møterommet vårt i andre etasje på klubbhuset Saga.

Eksotisk tur til Sæbø søndag 15. mai

Eg har gleda av å overbringe ei hyggeleg innbyding frå Veteranvognklubben Ørsta & Volda. Turen startar ved ALTI i Ørsta kl 12:00. Arrangementet er gratis, det er ingen registrering, berre å møte opp 🙂

Årsmøte i NMK 09. mars 2022

Endeleg fekk vi arrangert eit årsmøte, det er lenge sidan sist grunna covid-19-pandemien! Både rekneskap og årsmeldingar for åra 2019, 2020 og 2021 vart samrøystes godkjende av møtelyden, 14 medlemmer møtte fram på Kringla i går. Det var også full tilslutning til styret sine framlegg til oppdatering av «Lover for Nordfjord Motorhistorisk Klubb». Lenke til dei oppdaterte lovene ligg her. Siden det var så lenge sidan siste årsmøte, valde vi heile styret på nytt, høvesvis for 1 eller 2 år slik at vi kjem «innpå» igjen. Sæmund Ytrehus vart samrøystes vald til leiar for eitt år. Her kan du sjå heile styret. Vi hadde også val på «Husstyret» som har ansvaret for kilbblokalet «Saga». Her finn du dette styret. Alle val var samrøystes.

Årsmøte i NMK

Vi må prøve igjen: Årsmøtet i Nordfjord Motorhistorisk Klubb vert halde i lokala til Kringla Eid Frivillegsentral, Eidsgata 9, onsdag 9. mars kl 19:00. Alle årsmøtepapir vert sende ut til medlemmane så snart dei er ferdige.

Nytt fra LMK 01/20

Sikkerhet og personlig ansvar.

«Vi har selv et personlig ansvar for å holde kjøretøyene våre i orden». Dette var en ordlyd som kom opp gjentatte ganger under LMKs Temakonferanse i januar. Etterdønningene etter den tragiske dødsulykken på Rjukan i 2018, hvor fem menneskeliv gikk tapt i en veteranbil, har fremdeles ikke lagt seg. Vi i LMK opplever en samlet bevegelse, som vil søke tiltak og løsninger for å forhindre at nettopp dette skjer igjen. Pressens fokus på manglende sikkerhetsutstyr, farlige biler og manglende kontrollrutiner kan lett skape et feilaktig inntrykk hos landets beslutningstakere. Det kan lett gi fatale konsekvenser for vår fremtidige bruk av våre kjøretøy. Les meir

Få nyhende frå LMK på e-post!

Noe av utfordringene LMK opplever er de begrensningene ny personvernlovgivning og GDPR-direktivet gir med hensyn til å kontakte klubbenes medlemmer direkte for en distribusjon av våre nyhetsbrev. Vi opplever også at mange klubber ikke sender disse videre til medlemmene elektronisk, og publikasjon i medlemsblad flere måneder senere kan gi nyhetsbrevene lite aktualitet. Derimot vil en direkte henvendelse fra den enkelte av dere med et ønske om å motta våre nyhetsbrev, være i samsvar med aktuelt lovverk.

Derfor, om dere ønsker å motta nyhetsbrev direkte fra oss, kan dere sende oss en epost om dette til post@lmk.no. Dermed vil dere kunne motta informasjon fra oss direkte fremover.

Med vennlig hilsen

Stein Christian Husby

Generalsekretær LMK

Årsmøte i NMK

Det vart eit fredeleg årsmøte i NMK 11. mars. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes vedtekne utan merknader, den årlege medlemskontigenten vert heva frå 300 kr for 2019 til 400 kr frå og med 2020.

Svein Strøm og Idar Sølvberg utgjorde valkomite denne gongen. Kasserar Sæmund Ytrehus, nestleiar Geir Kjøde og leiar Yngve Kjørstad som var på val i år, takka ja til gjenval. Dei vart valde med akklamasjon.

Årsmøtet sette ned ein komite for å sjå på «Lover for Nordfjord Motorhistorisk Klubb». Desse har ikkje vorte oppdaterte sidan klubben vart starta i 1982. Per Bergheim skal leie komiteen, han får med seg Yngve Kjørstad og Nils Ola Strand. Planen er å sende eventuelle framlegg til endring ut til medlemane i god tid før neste årsmøte.

Det syner seg framleis nesten umogleg å skaffe postmannskap til det årlege Nordfjordløpet. Styret vil vurdere å dele sjølve Nordfjordløpet og veteranutstillinga opp i to separate arrangement, eventuelt på ei anna tid enn Eidamessa.

Årsmøtet sa eg nøgde med den oppgraderinga vi har hatt på Saga i 2018. Når gangen nede og toalett/vaskerom er ferdige, får styret fullmakt til å ta opp lån for å fullføre møteromet i 2. etasje. Vi bør likevel ha dette som siste utveg, etter at andre finansieringsformer er vurderte.

Det møtte opp 13 medlemar på årsmøtet.